Lokalt næringsliv trør til for Ukraina

Dei sterke inntrykka frå krigen i Ukraina har sett i gong stor givarglede hjå både privatpersonar og næringsliv i Etne og Vindafjord. No førebur Bjørn Asgeir Alvseike i THK-stiftinga innsamling i Ølen, i samarbeid med fleire lokale bedrifter.  

Norsk Maskinformidling AS og Westcon er nokre av bidragsytarane til THK-stiftinga si innsamling lokalt.


 – Det er eit enormt behov for hjelpeutstyr og me sender semitrailarar nedover jamt og trutt. Utfordringa har vore at me ikkje kan bruke bilane til innsamling av utstyr her lokalt. Då eg nemnte dette for Norsk Maskinformidling, heiv dei seg rundt og stilte ein lastebil til disposisjon med ein gong. Dei kontakta også Westcon og dei stiller med containarar.  

Også andre bedrifter stiller med betydelege bidrag.  

 – Møbelringen i Etne har bestilt inn madrasser som dei skal donere til oss, Eurosko Baardsen gjer klar sko som skal sendast, og på måndag fekk eg telefon frå Granberg AS som vil gi oss heile to millionar eingongshanskar og 10 000 smittevernfrakkar. Dette er heilt fantastisk og betyr særs mykje, fortel Alvseike.  

Stort kontaktnett i Ukraina

THK-stiftinga (Stiftelsen Tro-Håp-Kjærlighet) har drive innsamlingsarbeid for Korosten i Ukraina i 26 år. Årleg har dei sendt nedover semitrailarar med hjelpeutstyr kvar fjortande dag. No dreg dei stor nytte av kontaktnettverket dei har opparbeidd seg.  

– Akkurat no kjem me ikkje inn i landet med utstyr gjennom den vanlege ruta vår, men gjennom eit samarbeid med KPK på Jæren sørger me for at utstyret kjem fram. Dei driv mellom anna ein barneheim i den ukrainske byen Uzhhorod, som ligg på grensa til Slovakia. Der har me no fått ein passasje, ved at me lesser utstyr på grensa som blir henta av ein semitrailar som kjem over grensa. Me sendte tre semitrailarar nedover i går og det går to i morgon.  

Behov for hjelp også i nabolanda  

 – For nokre dagar sidan vart me også kontakta av ein organisasjon som me samarbeider med i Romania. Dei tek i mot mange flyktningar frå Ukraina, men har ingenting å hjelpe dei med. Me sender difor ein semitrailer til Romania i morgon også.  

THK planlegg mange sendingar i næraste framtid og set opp innsamlingsstasjon ved Ølen senter førstkomande laurdag, 5. mars, kl. 11.00–14.00.  

 – Me treng det meste og både næringslivet og privatpersonar er inviterte til å bidra. Madrasser, hygieneartiklar, varme klede, regnklede, sko, bleier, alt som trengst i ein krisesituasjon er det behov for, fortel Alvseike.  

Han er særs imponert over næringslivet og privatpersonar i situasjonen no, men også over tidlegare bidrag.  

 – Det er grunna denne givargleden me har kunna sende hjelpesendingar nedover i så mange år, og me er veldig takksame. Grunna kontaktnettet vårt er me sikra at utstyret blir delt ut der det trengst, og no er det stort behov for hjelp, avsluttar han.  



Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T