På leit etter nye bedrifter

Frå 1. april er det ledige butikk - og kontorlokale i Byre Eigedom sitt bygg i Ølen. 

Butikk-og kontorlokala til Byre Eigedom er no ledige. Foto: Kristian Risanger.

Denne våren opnar det seg moglegheiter for dei som vil leige kontor eller butikklokale i Ølen. 

–  No har me ledige lokale til både kontor og butikk, dermed kan dette vere aktuelt for ganske mange, fortel Margaret Christophersen som sit i styret til Byre Eigedom. 

Byre-bygget har totalt åtte ledige kontorlokale, i tillegg til butikk-lokalet på bakkeplan. Bygget har lydisolerte kontor og møterom, lokala er også lett tilgjengeleg med inngang rett frå gateplan. 

–  Dette kan vere aktuelt både for dei som driv åleine, eventuelt for mindre bedrifter som treng eit fellesareal i tillegg til kontor. Det er berre å ta kontakt dersom nokon har spørsmål om lokala eller ynskjer å ta ein kikk innom, fortel Christophersen. 

–  Eg har alltid tenkt at butikk-lokala og kunne vore fine til å drive kafe i, det hadde vore triveleg, legg ho til. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T