Espelandssvingane held skjema

Utbetringa av Espelandssvingane i Ølensvåg ligg godt an med omsyn til planen. Byggjeleiar Roberto Balzer i Statens vegvesen håpar no på ein stabil vérperiode, så det siste arbeidet kan gå så smidig som mogleg. 

Roberto Balzer i Statens vegvesen, er nøgd med framdrifta i Espelandssvingane. 

– Prosjektet skal etter planen vere ferdig 1. november i år og me ligg godt an. Akkurat no venter me på ein stabil vérperiode, då me treng frost og lite vatn for å få lagt lettfylling. Me skal fylle i 6000 kubikkmeter i vegbana og dersom elva stig for mykje, tek den med seg massane. Det kan føre til forureining, og dette ynskjer me sjølvsagt å unngå.  

Undervegs i prosjektet har styresmaktene vore uroa for fiskestamma i elveløpet, og kva konsekvensar vegarbeidet har for denne. 

– Alt arbeid som var ein fare for elva er ferdig. Det står kun att å fjerne ein midlertidig veg. Eg er veldig nøgd med arbeidet og det har gått etter boka, fortel Balzer. 

Vassbakk & Stol har saman med lokale og regionale underleverandørar stått for utføringa av arbeidet. Bruene i prosjektet er ferdigstilte, men det er framleis eit stykke arbeid igjen. 

– Me har mellom anna ein del arbeid igjen på eine køyrebana som ligg lengst frå elveløpet. Det vil difor vere litt hindringar i trafikken framover, med ei køyrebane og lysregulering. Dette vil vare kun ein kortare periode, ei veke eller to. Dette arbeidet er like om hjørnet og vil halde på i månadsskiftet januar/februar.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T