Denne tomta er no seld 

Norsk Maskinformidling sitt søsterselskap, Norske industrier eiendom AS, har kjøpt den populære og sentrale Hundhammer-tomta i Ølen. Sjølv har dei planar for vidare utvikling av tomta, men først og fremst gir kjøpet arbeidsro til den daglege drifta.

Norsk Maskinformidling har no sikra seg den populære Hundhammer-tomta i Ølen. (Foto: Svein Egil Økland)

– Dette er ei viktig tomt for oss. Den er sentral, og her har me vår daglege drift med kontor, lager og verkstad, seier Aleksander Stople om industritomta som er på om lag 10 mål.

Det er Erik Hundhammer via Hundhammer Invest som no sel industritomta der det tidlegare og blant anna har vore utbyggingsplanar for leilegheiter. Stople er glad dei no sikra seg den populære tomta.

Kjøpt seg arbeidsro

– For det første er me etablerte her frå før og verksemda har sin daglege base her. I den forstand gir det oss arbeidsro at me no eig tomta, og me treng absolutt plass til produkta våre. Så har me nok planar om korleis tomta kan utviklast, men det er det for tidleg å snakke om, seier Stople.

Norsk Maskinformdling har sidan 2017 tilbydd kjøp og sal av landbruks- og anleggsmaskiner, både til privat- og proffmarknaden. I tillegg til dei fem tilsette i bedrifta, leiger dei fast inn  tre arbeidarar. I 2021 omsette bedrifta for om lag 89 millionar kroner, noko som var ei auke frå i 2020 då omsetnaden var i overkant av 84,2 millionar kroner.

Aukar trass korona

Koronaperioden har ikkje sett nokon stoppar for maskinformidlinga i Ølen.

– Når det braut ut var det ein kort stopp, men etterpå har det gått veldig bra. Det me ser mest endring i er aukande prisar på det meste, i tillegg til lang leveringstid. Me leverer jo mykje til landbruksnæringa, og der ser me at prisane går opp på det meste. Det kan nok føre til at nokre investeringar blir sett på vent, spesielt dei som ynskjer å investere fordi det hadde vore kjekt å hatt, ikkje nødvendigvis fordi dei må ha det.

– Men me har god tru på at 2022 og blir eit godt år for oss, seier Stople.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T