Vil tettare på lokalt næringsliv

Banksjef i Sparebank1 SR-Bank Ølen, Magne Christiansen, tar steget inn i bedriftsmarknaden. Dermed er banken på veg mot eit komplett, lokalt finanshus.

Banksjef Sparebank1 SR-Bank i Ølen, Magne Christiansen, får frå årsskiftet ny rolle. I tillegg til banksjef for privatmarknaden, skal Christiansen vera relasjonsbyggjar og knutepunkt inn mot bedriftskundane i Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. (Foto: Hanna Maria van Zijp)

Sparebank1 SR-Bank ønskjer større fotfeste i regionen, og vil tilby tenester for bedrifter i Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. 

Nærmare problemstillingane

– Det betyr at bedriftene i Vindafjord og Etne får ein eigen person på bakken som dei kan vera tettare på, seier Nils Mikal Emberland, banksjef for bedriftsmarknaden på Haugalandet og Sunnhordland.  

– For eksisterande og nye bedriftskundar betyr dette at dei får rådgjeving nær problemstillingane dei går og står i, seier Emberland. 

– Ønskjer direkte relasjon

Eit kontaktpunkt for bedriftsmarknaden i Etne og Vindafjord har vore etterspurt, ifølgje banksjef i Sparebank1 SR-Bank Ølen, Magne Christiansen. Han ser fram til å gå inn i ein ny marknad.

– Fleire bedrifter ønskjer å ha ein lokal person og dermed ein direkte relasjon. Å ha ein som kjenner marknaden, området og folka, trur eg er veldig viktig, seier Christiansen. 

– Det er ikkje tvil om at det er ein ekstremt spennande marknad her. Me har eit næringsliv som blomstrar og er velfungerande, seier Christiansen. 

Nytt finanshus i Ølen

Banksjefane meiner det også er ein milepåle for kommunen at Vindafjord nå får et komplett finanshus. I løpet av året skal Sparebank1 SR-Bank og dotterselskapet Tveit Regnskap. samlokaliserast på Ølen senter, og danna eit finanshus med mellom 15 og 20 tilsette.

Det vil romma alle finanstenester innan personmarknad, bedriftsmarknad, eigedomsmekling, formueforvaltning, landbruk, forsikring, pensjon og rekneskap. Ombygginga er allereie i planleggingsfasen. 

Framtidsretta relasjonsbank

Å samla all kompetanse in-house, trur Christiansen vil skapa synergiar. 

– Me kan dermed tilby tenester til alt frå dei største aktørane og heilt ned til den minste butikken, seier Christiansen. 

Når ein kunde kjem, kan hen få ein pakke som ingen andre kan tilby lokalt, meiner han. 

– Me skal vera ein framtidsretta relasjonsbank. Me skal vera best digitalt og fysisk tilstades, seier Christiansen. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details