Omlag 20 representantar frå kommunen og lokale bedrifter deltok i møtet sist måndag for å få med seg trusselvurderinga retta mot næringslivet i Etne og Vindafjord kommune. Næringslivskontakt Kyrre Lindanger frå Sør-Vest politidistrikt presenterte blant anna kva truslar og kriminalitet som gjekk igjen for regionen, og førebyggjande tiltak.
Dei ser blant anna ein auke i nettverksoperasjonar retta mot verksemder.
—Formålet vil vere å skaffe sensitiv informasjon og å påverke beslutninger, sa Lindanger.
Han opplyser om at nokon aktørar er meir utsette en andre.
—Spesielt aktørar tilknytta petroleums- og energisektoren må førebu seg på å vere utsatt for avanserte nettverksoperasjonar.
Han opplyser også at det stadig blir brukt nye og meir kompliserte metodar som kan vere vanskeleg å avdekke.
Lindanger kom med fleire tips som kan redusere risikoen for at uvedkommende får tak i sensitiv informasjon. Bruk av totrinnsbekreftelse og antivirus, oppdatert programvare og skepsis når nokon spør om personleg informasjon er nokre av tipsa han kom med.
Arbeidslivskriminalitet går også igjen i regionen. Dette kan vere svart arbeid og useriøse aktørar som bryt med norsk lov. Det kan også til dømes vere trygdesvindel og misbruk av tiltaksordningar.
—Næringslivet kan hjelpe til å førebyggje arbeidslivskriminalitet ved å ha god dialog med politiet, sa Lindanger.
Større etteretningstrussel
Næringslivet fekk også ein gjennomgang av Geir Inge Davidsen frå PST, om den nasjonale trusselvurderinga. Det er blitt ein større etterretnings-trussel retta mot Noreg, opplyste Davidsen. Han sa at utanlandske arbeidarar frå autoritære land som Russland og Kina kan vere meir sårbare for å bli rekruttert til å hente ut informasjon, enten ved tvang og truslar, eller for økonomisk gevinst.
Fleire frå næringslivet stilte spørsmål om korleis dei burde forhalda seg til dette framover. Davidsen oppfordra arbeidsgivarar til å ta ein prat med utanlandske arbeidarar frå land som Russland og Kina, og informere om at dei er ekstra sårbare for å bli rekruttert og at det kan vere viktig med ein open samtale.