Tredje milepæl nådd for Nor Viking

Arriva sitt nybygg med hybridløysing og batteripakke, Nor Viking, vart sjøsett 29. november hjå Dayang Offshore Equipment Co, Ltd. I Noreg sat spente Arriva-tilsette og følgde sjøsettinga direkte via Teams.


– Dette er ein merkedag for oss, og me var særs spente då me følgde direktesendinga klokka seks om morgonen, fortel Sindre Matre, CEO i Arriva Shipping.

– I skipsbygging er det fire milepælar. Den første er stålkuttinga, den andre er kjølstrekkinga og den tredje er sjøsettinga. Siste milepæl er levering og me håpar det skjer om 5-7 månadars tid, fortel Matre.

Nybygget Nor Viking, er det største miljøprosjektet til Arriva så langt. Det er eit optimalisert bygg der hovudmotoren er bygd i samsvar med EU sine krav om utslepp, i tillegg er det lagt opp hybridløysing, batteripakke og ein elektrisk gravemaskin. Totalt vil ein oppnå ein utsleppsreduksjon på om lag 40 prosent med desse løysingane. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details