Gründerpraten

– Ta til deg kunnskap

Sjølv om han har skapt ei suksessbedrift, har Geir Harald Skeie aldri kalla seg gründer. Han er mest opptatt av å framsnakka dei tilsette i Skeie Byggservice.


– Du må ta til deg kunnskap og vera litt audmjuk. Det er voldsomt undervurdert. 

Det seier eigar og dagleg leiar i Skeie Byggservice, Geir Harald Skeie. 

Gründertips

  • Me snakkar med gründerar og bedriftsleiarar om kva som trengs for å satse på bedriftsdraumen. Kvifor valde dei å satse på eiga bedrift, og kva råd har dei til den som går med ein gründerdraum i magen? 
  • Denne veka: Skeie Byggservice AS i Sandeid
  • Lurer du på om du vil starte eiga bedrift? Ta gjerne kontakt med Medvind24 Næringshage, som kan tilby gratis førstelinjeteneste på vegne av Vindafjord og Etne kommune.
  • Les meir om dette her!

Etter å ha starta opp under finanskrisen i 2008, og styrt bedrifta gjennom oljekrise, korona og nå dagens høge inflasjon, har ikkje Skeie hatt tid til å filosofera over vinnaroppskrifta. Men når Skeie ser tilbake på fjorten fullbooka år i Skeie Byggservice i Sandeid, er det éin ting har tømraren har vore svært bevisst på frå start: Å godta at du ikkje kan alt. 

– Du kan ikkje springa rundt og oppføra deg som verdsmeister og tru du har monopol på vettet, seier Skeie.

Starta under finanskrisa

Og apropos audmjuk: Kanskje det er det finansverda manglar? Etter at den tradisjonsrike investeringsbanken Lehman Brothers blei slått konkurs i september 2008, sprakk bustadbobla i USA. Det spreidde seg globalt. Finansmarknaden braut saman, aksjemarknaden stupte, og byggjenæringa stoppa opp. 

Idet den vestlege verda var på veg inn i ei av dei verste finanskrisene sidan Wall Street-krakket i 1929, var Skeie Byggservice i full drift. 

Bak enkeltpersonføretaket stod ein tømrar på 24 år, som sidan har hatt fulle ordrebøker. Til og med etter pandemien, er ordrane større enn aldri før. Kva er det med Geir Harald Skeie? 

Konkurrerer med seg sjølv

Han likar ikkje denne typen merksemd, men kan snakka litt om drivkraft og kva verdiar han er opptatt av. 

– Å vera tilsett, er spennande nok det. Men å få skapa noko og få til noko sjølv, det er det som er drivkrafta og gjer det verdt det, seier Skeie. 

– Må du vera konkurransemenneske?

–­ Ja, du må det. Men den du konkurrerer med, er deg sjølv. 

Sjølv tok han ein råsjanse i 2008, og har sidan ikkje merka så mykje til dei der krisetidene. Det største problemet i bransjen akkurat nå, er ikkje mangel på ordrar, men på folk. 

Lærling vann yrkes-NM

Derfor er Skeie opptatt av rekruttering. Det som skulle vera noko Skeie skulle «tutla med åleine», har nemleg blitt eit AS med ni tilsette. Den første var veslebroren, som starta som lærling og jobbar der framleis. Å ta inn lærlingar som tidleg får ansvar og utfordringar, trur Skeie er den beste måten å rekruttera på. Det har gitt resultat. Nyleg tok tømrarlærling i Skeie Byggservice, Joakim Berge, gull under yrkes-NM. Det krev eit godt utgangspunkt, sterk fagleg interesse og hardt arbeid. 

– Og så er eg opptatt av lærlingane skal få prøva seg, gå på ein smell og læra av det. Det blir det himla gode fagfolk av, seier Skeie. 

– Investér tid

For bedrifter som vurderer å ta inn lærlingar, har Skeie eit godt råd: Lærlingane må inkluderast frå dag éin. 

– Investerer du tid i dei når dei kjem, får du himla mykje igjen. Har du ein god lærling, er det vanvittig bra for bedrifta, seier Skeie. 

Det er viktig i Skeie Byggservice. Mest mogleg ansvar og fridom skapar eigarskap, minimalt sjukefråver og høg trivsel. 

– Dersom du skal detaljstyra, og styra med jernhand, blir folk fort leie. Og det har fungert. Ingen har slutta ennå, seier Skeie. 

På fjorten år. 

I feil rom

God bedriftsleiing krev sjølvinnsikt, ifølgje Skeie. Ein må vita kva ein kan – og ikkje kan. Det er her det audmjuke, læreviljuge kjem inn. Skeie vil læra av alle, og han lærer noko nytt kvar dag. 

– Du vil ikkje tru kva eg har lært av lærlingane som er med og diskuterer på byggjeplass. Det kan vera fagleg, men like mykje det å handtera kundar, seier Skeie. 

Nøkkelen til suksess for Skeie, er å knytta til seg rette folk og rett kompetanse.

– Eg plar seia at det smartaste eg har gjort, er å tilsetja ho på kontoret, for eg heilt ubrukeleg på data. Då må du ha hjelp, seier Skeie. 

– Den dagen du er den smartaste mannen i rommet, så er du i feil rom. Då må du komma deg vidare.

Skapa stabil bedrift

Målet framover er å skapa ei stabil og trygg bedrift. 

– Det viktigaste av alt er ikkje å vera flest folk, men at kvaliteten på arbeidet er det den skal vera. Om me er ti eller femten om fem år, er ikkje så viktig. Om marknaden krev femten, så er me femten, seier Skeie. 

Men sjølv om han har skapt ei suksessbedrift, hadde Skeie aldri kalla seg gründer. Det er jo Røkke, det. 

– Kva hadde du kalla deg? 

– Dagleg leiar i Skeie Byggservice. Utan dei tilsette, så er eg ingenting. Det er dei som er Skeie Byggservice. Forsvinn dei, så dett heile korthuset. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details