Opnar snart Mekk-butikk i Ølen

I slutten av mars opnar Mekk dørene på Ølen Senter. Olav Anders Helgevold er mannen som skal styre butikken.

Mekk har lenge vist interesse for å etablere seg på Ølen Senter og har vore på utkikk etter den rette personen til å drive franchise-verksemda. No har dei landa avtale med Olav Anders Helgevold, som kan sjå tilbake på 26 år som slaktebilsjåfør hjå Fatland. Til våren blir det ein heilt ny kvardag. 

– Det blir sjølvsagt noko heilt nytt, og mykje å setje seg inn i. Men eg gler meg til å starte opp, seier den ferske butikksjefen. 

Dagleg leiar i Ølen Eiendom , Andreas Hustveit  er godt nøgd med å få butikken inn i senteret, og ikkje minst for at Helgevold har takka ja til å vere butikksjef. 

– Me har jobba intenst nokre månadar no for å få alt dette på plass, så det er kjekt når me finn rette personen. Dette trur eg blir viktig for å utvikle senteret vidare, Mekk-butikken blir truleg opp mot 400 kvadratmeter stor og vil ha eit variert utval av varer, seier Hustveit. 

– Det er også viktig at me opnar når våren og sommaren står for døra. Det er høgsesong for denne butikken som har det meste til hus, båt, bil, hage og det ein treng for å fikse opp heime sjølv. Dette er jo ofte varer ein før måtte køyre til byen for å finne, det er kjekt me får det lokalt i Ølen. 

Mekk vart starta i 2001 og har i dag 20 butikkar over heile landet. I snitt omset butikkane for om lag 8,9 millionar kroner årleg, og har i snitt tre årsverk tilsett.

 

 

 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details