Nybygg på Ljoshalltomta i Etne
Brødrene Mæland og Helgevold Gruppen satsar vidare med nytt næringsbygg på Ljoshalltomta i Etne, og vil gjerne ha fleire med på laget.
.png?mwidth=-1)
Tømrarfirmaet Brødrene Mæland held til i Medvind sin kontorfellesskap i Etne, men no ser dagleg leiar, Anders Mæland, fram til å komme inn i eige bygg.

– Me ynskjer først og fremst å oppnå betre profilering med dette. Ljoshalltomta ligg tett på Europavegen og der vil me bli enda meir synlege. I tillegg har me lenge hatt ein draum om eit eige bygg kor me kan bygge eit godt arbeidsmiljø. Me vil satse i distriktet og håpar me kan drive på i mange år. Eit eige bygg er då ei viktig brikke i utviklinga, seier han.
– Me likar å ha gode lokasjonar for folka våre. No ynskjer me å satse enda meir i Etne, og her får me ei toppmoderne og framtidsretta løysing for dei tilsette. Her vil både fagarbeidarar og kontorpersonale ha moglegheit til å sitte. Me har no nærare 20 tilsette frå Etne hjå oss, som kan ha kontordagar og hente vareleveransar her.
Bygget er ferdigteikna av arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke AS, i samråd med Helgevold og Brødrene Mæland. Bygget får avkøyring ved Bondekompaniet i Etne og får namnet «Ljoshallbygget».
I første etasje kjem fire seksjonar, der Helgevold og Brødrene Mæland skal disponere to av dei. Dei andre to seksjonane ynskjer dei å leige ut til andre bedrifter. I andre etasje vert det kontorareale med 16 plassar, kor ti vil vere ledige for utleige. I tillegg vil det stå ein seksjon på heile 230 kvadratmeter ledig i andre etasje.
– Denne delen håpar me å leige ut, og den kan brukast til mykje. Alt frå klinikk til kontor, seier Mæland.
Helgevold Gruppen og Brødrene Mæland ynskjer å få på plass kjøparar eller leigetakarar av dei to ledige seksjonane i første etasje, før dei går i gong med byggestart.
– Bygget vil ha ei fantastisk plassering, så dette håpar me vil vere attraktivt for fleire, avsluttar Johannes Helgevold.
%20(2).jpg?mwidth=-1)