Hopp til innhald

No kjem boka om SØK

No kjem boka om SØK og arbeidet med kraftforsyning i regionen. Boka blir gitt som gåve til alle aksjonærar i SØK.

Image
Den nye boka om SØK gir eit godt innblikk i den lokale krafthistoria. (Foto: Kristian Risanger)


I 2017 vart Skånevik Ølen Kraftlag SA (SØK) ein del av Haugaland Kraft, dermed var jobben som operatør og straumforsynar i konsesjonsområdet over. Boka som Sjur Tjelmeland no har skrive om den lokale krafthistoria gir eit innblikk i ei lang krafthistorie. Skånevik Ølen Kraftlag SA vart skipa i 1979 då kraftlaga i Skånevik og Ølen slo seg saman, men forteljinga om kraftutbygging og elektrisiitetsforsyning i bygdene startar mange ti-år før det. Boka skildrar krafthistoria frå tidleg i førre hundreår.

I boka møter ein framsynte personar, uredde initiativ og stor gjennomføringskraft, heiter det i bokomtalen. Det blir også lova eit innblikk i trange økonomiske kår, store naturgitte utfordringar og litt nabostrid.

Boka blir delt ut på biblioteket på Bjoa, Skånevik Blomster, Joker Vikebygd, Sjperlo og Coop Extra i Ølen, Circle K og Kiwi i Ølensvåg og Åkrafjordtunet. I dag er SØK også ein lokal støttespelar for friviljuge lag, organisasjonar, bygde- og næringsutvikling i gamle Skånevil Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde. Kvart år tildeler SØK Stiftinga midlar til lokale prosjekt og aktørar som driv med friviljug arbeid, både for born, ungdom og vaksne.

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips
T E S T