Nå blir det Medvind i Skjold

Medvind24 Næringshage opnar no ny avdeling i nyoppussa lokale hjå Tveit Regnskap i Skjold.

 Den nye Medvind-avdelinga rommar sju kontor i den gamle lagerbygninga ved Tveit Regnskap i Skjold. Gründer i Tveit Regnskap, Jarle Tveit, har vore pådrivar for å få nytt liv inn i huset som han og kona Marit eig. I tillegg til kontor er det møterom og kjøkkenkrok i det nye kontorfellesskapet. 

– Eg trur mange bedrifter kan ha nytte av å ha kontor her. Det er kort veg til Aksdal og Haugesund og midt i leia på mange vis. Det er mange bedrifter her i ytre deler av Vindafjord, og mange sit heime og kan ha glede av eit kontorfellesskap, fortel Jarle som også sjølv kjem til å ha kontor i næringshage-bygget. 

Dagleg leiar i Medvind24 Næringshage, Kari Aakra, er godt nøgd med å opne ny avdeling i Skjold. 

– Då initiativet kom frå Tveit Regnskap tenkte me fort at dette var ein god ide. Me er godt representerte i indre deler av Vindafjord, men me har og eit stort og spanande næringsliv i ytre deler, det er viktig med eit godt alternativ til dei som har heimekontor her og, meiner ho og viser til at næringshagen allereie er godt etablert både i Sandeid, Ølensvåg og i nabokommunen Etne. 

– Me vil ha mest mogleg aktivitet i kommunane våre og det er viktig at ikkje alt blir samla innover i regionen. Det handlar både om å få på plass knoppskyting i næringslivet, behalde innbyggarane våre og skape nye arbeidsplassar, fortel Aakra. 

Oppussinga av huset er det lokale bedrifter som har stått for. Haakull & Ersland har tatt seg av tømrararbeidet, medan Haraldseid Elektriske har hatt ansvar for alt elektrisk arbeid. Dagsland Miljø har stått for ventilasjonsarbeidet og Rørlegger Haraldseid har bistått med vatn og kloakk. 

– Det er veldig naturleg for oss å bruke dei lokale bedriftene, spesielt når me legg til rette for ein næringshage som nettopp skal skape liv i det lokale næringslivet, meiner Jarle Tveit. 

 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details