Lydstudio opp av oska

Historia til ABC Studio kunne vore slutt i desember 2005, då Ljoshall brann ned. Likevel feirar det suksessrike lydmiljøet femten år i år.


Det heile starta då Stig Morten Sørheim og Nils Halleland flytta heim til Etne, og fekk med seg Reinhardt Toresen, Knut Bjarne Bjørkhaug og Kjetil Ulland ved Lydloftet i Ølen. Dette resulterte i ABC Studio.

– Det er viktig for oss å ha fleire bein å stå på. Då me såg at salet av cdar og plater gjekk ned i musikkbransjen, visste me at det var for skjørt å satse kun på studio. Fleire av oss hadde erfaring som lydteknikarar på konsertar og andre arrangement, og dette valde me å fortsette med i tillegg, utdjupar Stig Morten.

Verdien av kompetanseutveksling

Image
Kjetil Ulland kom frå Lydloftet i Ølen, då ABC Studio vart stifta. Foto: Kristian Risanger.

I dag fungerer ABC Studio som ein arbeidshub for profesjonelle lydteknikarar. Det er ingen faste heiltidstilsette, men Nils Halleland er dagleg leiar. Samarbeid og deling av kunnskap vert framheva som nøkkelen til suksessen.

– Me sel først og fremst kompetanse, det er der me har scora. Gjennom åra har me klart å opparbeidd oss eit namn i bransjen, som har ført til ei jamn auke i oppdrag. No reiser me på turnéar med ulike artistar og band, har rammeavtalar med til dømes kulturhuset i Sauda og står for lyd i teateroppsetningar som i Moster amfi med meir. Me leverer kort og godt folk, utstyr og løysingar, og supplerer med innleigd ustyr og mannskap når det trengst, fortel Nils. Inntektene våre er beskjedne, men verdiskapinga er stor, om ein ser aktivitetane i heilskap. Me ser mange gode synergiar av drifta vår, der folka me jobbar med får fleire oppdrag og kompetansen blir stadig utvida.

Trufaste artistar

Ei rekke artistar har vore med frå start og fleire har kome til.

– Denne veka speler Nils Økland med band inn nytt materiale i studio. Me har også hatt ein god støttespelar i Vamp som har brukt oss heile tida sidan Lydloftet si tid. Odin Staveland er i dag medeigar, og det er me særs takksame for, fortel Stig Morten.

– I dag eig me og huset sjølv og har ein topp moderne og god utstyrspark. Det var ikkje dei same tilhøva i starten, utfyller Reinhardt.

Dei er også opptekne av å gjere vegen frå ein ferdigskriven låt til eit avspelingsklårt produkt enklare.

– Me ynskjer å gjere det enklare for nye stemmer å få ut musikken sin. To gonger i året arrangerer me Komp session, der me har eit fast band ståande klar i to dagar. Då kan folk som har ei låt liggande klar melde seg på, komme til studio og spele det inn med fullt band og på nokre timar er den ferdig innspelt. Det er alt frå unge talent til godt vaksne som gjerne tidlegare har spelt i band, og som har ei låt liggande i nattbordskuffa som dei har tru på. Mange veit ikkje heilt korleis dei skal gå fram, og her ynskjer me å hjelpe, fortel Kjetil.

Av denne grunnen har dei oppretta plateselskapet ABC Tunes.

– Det er ikkje eit tradisjonelt plateselskap der ein går inn med pengar og investerte alt i ein artist. Det er først og fremst ei tilleggsteneste me har for å få artistar ut i verda. Me tilbyr pakkeløysingar med Komp session og ABC Tunes, som lagar eit løp frå ferdigskriven låt til den er ute på Spotify med full komp. Me har bidratt til over femti låtar så langt, og den neste Komp session som me skal ha i januar, vart fullteikna på to dagar. Det er veldig kjekt, fortel Stig Morten.

I tillegg til innspelingar og eksterne lydprosjekt, opnar studioet med jamne mellomrom dørene til konsertar. Dette har vore stor suksess og er noko dei ynskjer å gjere meir av.

– Gjennom konseptet vårt ABC Live har me invitert publikum inn til studiokonsertar med artistar som Susanne Sundfør, Jarle Bernhoft, Thom Hell, Darling West, Odin Staveland og Kine Nesheim. Det har fungert superbra! Det er eit prosjekt som krevjer litt rigging, men me ynskjer å få til meir av dette, fortel Stig Morten.

Image
Nils Halleland og Stig Morten Sørheim har lang erfaring frå musikkmiljøet i Oslo. Foto: Kristian Risanger.

Brannen på Ljoshall

Eit femtenårsjubileum er ikkje sjølvsagt for gjengen bak ABC Studio. Oppstart var eigentleg i 2005 og det gamle ungdomshuset Ljoshall skulle vere storstova. Opningsdagen måndag 5. desember, skulle dei ha høgtidleg markering med presse og vise fram dei nyoppussa lokala som tidlegare hadde husa kinoen i Etne. Så langt kom dei ikkje.

– Litt før kl. sju på morgonen fekk me telefon om at huset stod i full fyr. Det lot seg ikkje berge og vart totalskadd av brannen. Det var tungt. Mange hadde lagt ned utallige arbeidstimar på prosjektet og me hadde hatt eit tett samarbeid med Ungdomslaget Fram som var eigar av huset. Dei hadde i lang tid sete med den store bygningsmassen, men syns det var krevjande å ta vare på det. Geir Davidsen, leiar i UL Fram, var spydspissen på tilbydarsida for å få dette til. Kommunen var også særs positive til prosjektet og mange var interesserte i at me skulle lukkast med å igjen skape liv i huset. Me hadde brukt lang tid på å gjere huset klart til studio, og på nokre få timar måtte me rykke tilbake til start, reflektere Nils.

 Etter brannen var dei nær ved å gi opp, men fleire ting skulle skje. På kort tid sette Øvyind Staveland i Vamp, Inventum-gruppen og ei rekke lokale artistar opp ein stønadskonsert på Byscenen i Haugesund. På konserten troppa dåverande ordførar i Etne, Amund Enge, opp med nøklar til gamleskulen i Etne. Lokala hadde stått tomme over tid, og dei vart inviterte til å overta.

Det første sjokket gjekk fort over då så mange viste støtte. Amund Enge og det politiske miljøet i Etne var særs løysingsorienterte og kom raskt på bana med nye lokale, fortel Kjetil.

– Me var såpass dedikerte til prosjektet og då me i tillegg møtte ein massiv stønad frå lokalmiljøet, var det berre å køyre på, fortel Nils.

Lydstudio bygd på erfaring og gjenbruk

Image
Vamp har vore trufaste bidragsyterar til studioet. Foto: Kristian Risanger.

At Knut Bjarne og Reinhardt er tømrarar kom godt med. Dei brukte eit år på å isolere og bygge om lokala på gamleskulen i Etne. November 2006 opna dei dørene til nytt studio, og Etnebandet Caligula Sisters var dei første til å spele inn musikk.

– Her jobbar me med alt frå klassisk og folkemusikk til pop og rock. Det er først og fremst organisk musikk i alle sjangrar. Det er eit studio som er bygd opp på gamlemåten og her er det nok plass til at eit større ensemble kan jobbe saman. Me har til dømes hatt kor på innspeling, fortel Stig Morten.

– Framveksten av rimelegare og mindre digitalt utstyr gjer at mange held på i eigne små studio. Dette gjer at me skil oss ut, fortel Nils.

 Kjetil viser også til at studioet har ein særs fin akustikk som ofte blir trekt fram av artistane som kjem.

No tilbyr studioet lyd til alt frå podcastar til innspeling av musikk og reklame. Dei har også utstyr for streaming og er sterkt fokuserte på å løfte lokalmiljøet og nye stemmer.

– Me ser stadig etter fleire krefter også hjå oss. Me er ikkje berre ute etter den tekniske kompetansen. Det må også vere folk med dei rette verdiane. I denne bransjen har du med folk å gjere, og det er viktig at ein kjem frå rett skule, fortel Kjetil.

– Me jobbar med musikk, estetikk, kultur og nerder oss inn i datamaskinar og miksebord. Me har knytt til oss nokre unge folk allereie, men skulle gjerne hatt med fleire. Me ser at mange søker mot Bergen og Oslo sidan det er fleire jobbar der, men me håpar me kan vise at det også er spanande moglegheiter her lokalt, seier Stig Morten.

Korona

– Me hadde investert i ein del nytt utstyr i forkant av våren 2020, noko som gav oss kontraktar for nye typar prosjekt til over 1 mill. Då Korona kom i mars, vart det heile kansellert i løpet av ei veke. Det sa berre «poff» og så var det heilt stille, seier Nils. 

I starten var det nedstengt i studio, men så løsna ein opp på smittevernet og tillot at fem personar var i same rom. Då artistane var avskårne frå å spele live, vart det større trykk på innspellingssida. Til dømes rauk det tre turnear for Vamp i denne perioden og då valde dei heller å spele inn ny musikk.

– Folk har ei omstillingsevne og er kreative, så det gjekk seg til, fortel Kjetil.

Trass korona klarte ABC Studio seg godt gjennom nedstenginga, ikkje minst grunna god økonomistyring.

– Me fekk koronastønadsmidlar for konkrete arrangement som vart avlyst, så den verste beten var å mangle langtidsperspektivet. Ingen visste kor lenge nedstenginga av kulturlivet skulle vare. Me er i ein bransje der det meste vert planlagd og jobba med lenge i forkant, så dette var utfordrande, utdjupar Nils.

Feirar med å løfte eit ungt talent

For å løfte unge, lokale stemmer, har dei i ly av jubileumet lyst ut ein konkurranse om stipend på femten tusen kroner til ein person under 25 år. Premiepengane kan bli brukt til å spele inn materiale i ABC Studio.

– Det kom inn utruleg mange innspel på kandidatar frå heile distriktet, frå Odda til Sauda og Haugesund. Me landa på den unge pianisten Vilmer Teig frå Sauda, fortel Stig Morten. Vilmer vil bli presentert i full bredde, når gåva skal overrekkjast. Dato for dette er enda ikkje sett.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details