På leit etter nye bedrifter
Frå 1. april er det ledige butikk - og kontorlokale i Byre Eigedom sitt bygg i Ølen.

Denne våren opnar det seg moglegheiter for dei som vil leige kontor eller butikklokale i Ølen.
– No har me ledige lokale til både kontor og butikk, dermed kan dette vere aktuelt for ganske mange, fortel Margaret Christophersen som sit i styret til Byre Eigedom.
Byre-bygget har totalt åtte ledige kontorlokale, i tillegg til butikk-lokalet på bakkeplan. Bygget har lydisolerte kontor og møterom, lokala er også lett tilgjengeleg med inngang rett frå gateplan.
– Dette kan vere aktuelt både for dei som driv åleine, eventuelt for mindre bedrifter som treng eit fellesareal i tillegg til kontor. Det er berre å ta kontakt dersom nokon har spørsmål om lokala eller ynskjer å ta ein kikk innom, fortel Christophersen.
– Eg har alltid tenkt at butikk-lokala og kunne vore fine til å drive kafe i, det hadde vore triveleg, legg ho til.