Larsen Bakeri kan bli Årets Bakeri

Larsen Bakeri er nominert som eit av dei tre beste bakeria i landet til den gjeve prisen Årets Bakeri.


Det er bransjeforeningen Baker-og Konditorbransjens Landsforening (BKLF) som står bak konkurransen som i år blir arrangert for femte gong. No er altså Larsen Bakeri i Skånevik i sjølvaste finalen. 

– Dette er heilt fantastisk og ei stor ære. Eg trudde det nesten ikkje heilt at me er blant topp tre i konkurransen, seier Janne Larsen Sævareid som driv det historiske bakeriet.
Ho trur fleire element har vore avgjerande for at dei er komne så langt i konkurransen.

Les portrett på Janne Larsen Sævareid i Fikse Næringsforening sitt næringsmagsin Tempo.

– Eg trur nok det handlar mykje om at me er eit lite handverksbakeri, det er langt mellom desse små unike bakeria no. I tillegg så har me jobba godt med å hindre matsvinn dei siste åra, det trur eg og betyr mykje. 

Larsen Bakeri har sett opp eit kjøleskåp ute der folk kan handle seg mat etter stengetid, i tillegg har dei fast avtale med å levere frosne bakevarer til to barnehagar, omsorgssenteret og hotellet i bygda. 

– Det er ein avtale som betyr mykje både for oss og dei. Og ikkje minst så fører det til at me ikkje kastar mat i det heile. 

Bakeria som Larsen Bakeri konkurrerer mot er Ødegaarden Bakeri & Konditori i Nord-Fron og Stokkøy Bakeri i Åfjord.  Vinnaren blir kåra i oktober, og først blir det bransjekåring der du kan stemme på din favoritt. Vinnaren får diplom og ei pengegåve på 10.000 kroner. 

 


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details