Lagar felles julebord til fjells

Lokalmat og levande musikk står på menyen når Skakke Røykeri inviterer til felles julebord på Olalia Fjellstove.

– Målgruppa er alle frå 18 til 110, som kan fota seg inn til Olalia. Elles kan me vera behjelpelege med hestetransport, seier Roy Martin Øyjord i Skakke Røykeri. 

Nå inviterer dei mindre bedrifter, vennegjengar og privatpersonar til julebord på turistforeiningshytta Olalia Fjellstove.

Bordet blir dekt første helga i desember. 

Open bar og berømt frukost

Der kan Øyjord freista med ribbe av lokale grisar som har gått ute, pinnekjøt frå lokale lam som har beita til fjells, kortreiste rotgrønsaker og Skakkes berømte frukost dagen etter. Det blir dessutan open bar og livemusikk. Skakke Røykeri sørgjer for sengklede på hytta, slik at ein får luksuskjensla til fjells. 

Ei rekkje arrangement

– Det er ei spesiell atmosfære der. Er det dårleg vêr ute, blir det desto trivelegare inne, seier Øyjord. 

– Det er kjekt at ein også kan bruka denne flotte hytta til slike arrangement, legg Øyjord til.

Julebordet på Olalia fjellstove er starten på ei rekkje arrangement i regi av Skakke Røykeri. Utover våren vil dei etter planen blant anna arrangera singelweekend og minikonsert.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details