Sommarvikaren

– Kjekt å ha ein lokal jobb

Benjamin er glad i å prøve nye ting, så i år har han sin første sommar hos Kiwi i Ølensvåg. Les meir om kva Benjamin tenkjer om å ha sommarjobb og kva hans ferieplanar er her.

Benjamin Landro

Kvifor tenkjer du ein sommarjobb er viktig?

– Det er mange gode grunnar til å ha ein sommarjobb, men personleg trur eg at eg hadde gått lei nokså raskt om eg skulle ha gjort ingenting ein heil sommar. Ein sommarjobb er ein god anledning til å få ein smak på arbeidslivet, den skapar struktur, og det kan vere kjekt å ha litt ekstra å spe på med om studentbudsjettet skulle ha tendens for å vere litt trongt. Dessutan er det alltid kjekt med litt "CV-mat", uavhengig av kva sommarjobb det er, så lenge ein kan gje inntrykk av at ein har noko erfaring i det heile. 

Sommarvikaren

  • Namn: Benjamin Landro
  • Alder: 21 år
  • Arbeidsstad: Kiwi Ølensvåg
  • Studerer: Nanoteknologi ved NTNU i Trondheim

Kvifor ville du jobbe her?

– Eg likar å prøve litt ulike ting, og har difor hatt ein del forskjellige sommarjobbar, og tenkte i år at å jobbe med kundar og butikk kunne vere spanande. Til dagleg møter eg mange kjente andlet, og det er alltid triveleg å slå av ein liten prat. Det er og kjekt å ha ein lokal sommarjobb.

Kva ville du sagt til ein som vurderte same feriejobb?

– Om du er glad i jobbe rundt og med menneske, og likar å sjå orden i system, er Kiwi ein flott plass å søkje! Dessutan er det kjekke og tolmodige kollegaer ein har rundt seg. Og det skadar aldri å prøve noko nytt, ein lærer noko uansett utfall!

Om du kunne reist kor du ville, kor hadde turen gått?

– Om eg kunne reist kor eg ville, trur eg at eg hadde teke turen til anten Island for å sjå Den blå lagune og geysirane, eller Japan for å oppleve ein heilt annleis kultur, og sjå om det er aktuelt med utveksling der.

Kva er dine planar for sommaren?

– I sommar er eigentleg mykje av planane å jobbe. Eg brukar mykje tid med kjende og kjære som eg elles ikkje ser så mykje til  i løpet av studieåret. Mykje tid går med til padel tennis, beach volley, badminton, frisbee golf og andre aktivitetar. Ein to-vekers ferie i Spania er i gang nett no, men utanom det, er det å lade opp batteria til eit nytt og lærerikt semester!

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details