Kalstveit og Klungland satsar på interiør

Interiørkonsulent Karine Klungland inngår avtale med Kalstveit bygg i Skjold. Målet er å tilby interiørvegleiing for privatkundar.

Interiørkonsulent Karine Klungland inngår samarbeid med byggjefirmaet Kalstveit bygg. Partnarskapet er del av ein urban trend der privatkundar kan få interiørvegleiing under byggjing av ny bustad, oppgradering av einskildrom eller ved renovering. 

Karine Klungland

  • Interiørkonsulent på Haugalandet
  • Har bakgrunn frå Ølen møbel  
  • Arbeider til dagleg som baderomsdesigner
  • Inngår samarbeid Kalstveit bygg
  • Instagram: designkk.no

Forenar interiør og bygg

– I byane er dette veldig populært. Eg håpar på at folk ser det her også her etter kvart. Folk blir meir bevisste på korleis me har det, seier Klungland. 

I samarbeidet med byggjefirmaet gjer Kalstveit bygg det dei er best på, nemleg å oppføra bygg, medan interiørkonsulenten gir designråd basert på fysiske føresetnader. Klungland lagar 3D-teikningar av bustaden, med møbleringsplan, fargar og materialval.

Finna den rauda tråden

– 3D-teikninga er eit fantastisk verktøy. Veldig mange klarer ikkje å sjå ting føre seg. Då er det fint å levera teikningar til kunden, seier Klungland. 

– Kva kan ein interiørkonsulent sjå, som me andre ikkje ser? 

– Me kan setja saman ulike material og fargar som skapar heilskapleg miljø og ein raud tråd heime, slik at brikkene fell litt meir på plass. Nokon tenkjer ikkje så mykje på dei detaljane, seier Klungland.  

– Fleksibilitet er viktig

Til dagleg arbeider Klungland som baderomsdesigner. Ho har med seg teiknekunnskap frå baderomsjobben, bakgrunn frå Ølen møbel og fersk fargekompetanse, inn i arbeidet som interiørkonsulent. Klungland har dessutan renovert hus sjølv, og ser at fleksibilitet er viktig i ein krevjande byggjeprosess. 

– Utfordringar undervegs i byggjeprosessen gjer at du må snu tankegangen, seier Klungland. 

Leggja til rette for kvardagslivet

Derfor bør interiørkonsulent kjem tidleg inn i byggjeprosessen. Det er dagleg leiar i Kalstveit bygg, Henrik Kalstveit, samd i. På grunn av berekraftstankegang og høge materialprisar, vil det vera lurt å få denne ekspertisen inn frå start, gjerne før ein har plata veggene. Då kan ein leggja til rette for kvardagslivet med éin gong. 

– Det som eg opplever, som mellomstor bedrift, er at ein ikkje bli god nok på alt. Me er sterke på andre fag, men interiør hadde me ikkje. Me byggjer hus, me kan ikkje gardiner, seier Kalstveit. 

– Verdt investeringa

– Kva er fordelane med denne ekspertisen?

– Interiørkonsulenten ser kor går sola ned, kor det er lurt å ha sitjegruppe, kor det er lurt å sitja å lesa. Dermed kan me i startfasen etablera lyspunkt der det er naudsynt, seier Kalstveit. 

Det kostar, men er verdt investeringa, ifølgje Kalstveit. I nyare funkishus, er som allereie har ein høg prislapp, er interiørkonsulent Klungland fantastisk å ha. 

– Det er ein ekstra luksus å få andre til å tenkja romdesign for ein. Men dei fleste kjem etterpå at dei treng hjelp likevel. Det kan spara tid og pengar å sleppa og mala to gonger, seier Kalstveit. 

 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details