Hopp til innhald

Inviterer til Etablererkveld

Torsdag 2. juni inviterer Sparebank 1 SR-Bank i Ølen til Etablererkveld. Her kan alle som drøymer om sitt første bustadkjøp, få nyttig informasjon som kan gjere vegen vidare enklare.  

Morten Østenstad i Sparebank 1 SR-Bank Ølen, ser eit informasjonsbehov hjå mange førstegongskjøparar. (Foto: Kristian Risanger)  

Autorisert finansrådgjevar Morten Østenstad i Sparebank 1 SR-Bank Ølen, ser eit informasjonsbehov hjå mange og håpar arrangementet kan gi nyttig påfyll.  

– Hovudgrunnen til at me gjer dette, er at me ofte ser at folk går glipp av verdifull informasjon som dei kunne fått på eit tidlegare stadium. Ofte når dei kjem og skal kjøpe bustad, kunne dei ha førebudd seg mykje betre om dei hadde fått denne informasjonen før. Det er ein omfattande prosess å kjøpe bustad, der både meklar, bank og forsikringsselskap er inne i biletet. Det kan fort verke overveldande for mange, og å vere godt førebudd i forkant, kan vere særs lurt, seier han.  

På møtet vil det vere både eigedomsmeklar og rådgjevarar frå banken, som kan gi råd om alt frå finansiering, til korleis ein bør gå fram når ein skal ut på visningar og finne ein passande bustad i marknaden. 

– Ein har moglegheit til å stille spørsmål under kvelden, men alle er også hjarteleg velkomne til å booke eit møte i banken i etterkant. Det kan vere lurt å ta ein sjekk på korleis ein er «rigga» for eit bustadkjøp og få råd tilpasse den enkelte sin situasjon, fortel han.  

Østenstad håpar og trur at kvelden vil vere interessant for mange aldersgrupper.  

- Både dei som gjerne har studert vekke nokre år og vil flytte heim att, men også dei som er eldre, men som av ulike grunnar ikkje har kome seg inn på bustadmarknaden enda, vil dra nytte av dette. Her vil ein få informasjon som er nyttig same om ein går med ein konkret draum om å kjøpe noko eige, eller berre vil ha oppdaterte tips om kva som er lurt å gjere i dagens bustadmarknad. Det er mange val som er lure å gjere når du kjøper bustad, men som mange ikkje har tenkt på. Me håpar at me kan bidra med meir kunnskap om dette denne kvelden.  

Etablererkvelden er torsdag 2. juni, kl. 18.00-20.00 i banken sine lokaler i Ølen.  Det vert servering av mat og drikke, og dersom ein ynskjer å delta, kan ein melde seg på ved å klikke her. 

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips
T E S T