Informasjonsmøte om straumstøtteordninga
Straumstøtteordninga opnar for søknadar om kort tid. Søknadsfristen er allereie 11.desember. Medvind Næringshage og Tveit Regnskap inviterer til informasjonsmøte om ordninga og korleis ein kan søka.
Energitilskotsordninga er ei midlertidig ordning for energitilskudd til bedrifter som følge av ekstraordinære straumutgifter. Ordninga blir administrert av Enova. Ordninga opna nyleg for søknadar, og frist for å søka er 11.desember.
Medvind Næringshage og Tveit Regnskap inviterer bedrifter til informasjonsmøte om ordninga 30. november kl. 08.30 i Medvind Næringshage:
- Energitilskotordninga: rammer og innretning- Kven kan søka? Kriterier og vilkår.
- Kva kan ein søka om
- Søknad og dokumentasjon
- Tips og triks
- Spørsmålsrunde