Hytteutleige med suksess

Høgt oppe i lia over Etnefjorden, ligg Øvstebø gard som satsar på både geit, turisme og berekraft. Dei siste 12 åra har Etne hytter etablert seg som eit populært reisemål, og gjestene kjem frå heile verda.

– Afrika har me ikkje hatt så mange besøkande frå, men elles nærmar me oss besøkande frå dei fleste landa i verda. For to veker sidan hadde me gjester frå Malaysia, fortel Tor Arne Sandvik. 

Sidan 2010 har Sandvik og Heidi Silgjerd leigd ut hytter på garden sin i kombinasjon med geitehald og vanlege jobbar. Gjennom åra har dei hatt ein jamn vekst i talet på gjester, og med ei satsing på godt vedlikehald og service, har dei opparbeidd seg særs gode omtalar på ei av dei verdsleiande bookingtenestene, Booking.com.

Med boergeiter på garden, har hyttene også fått vakre geiteskinn som del av interiøret. – Me merka vesentleg auke i belegget etter kvart som me fekk fleire og fleire gode omtalar. Kundane i dag ser ofte på omtalar frå tidlegare gjester, før dei vel reisemål og overnattingsstad, fortel Silgjerd. 

Med besøkande langvegs frå, kan det også føre til situasjonar med litt ekstra opplæring. 

– Me møter turistar som skal oppleve Europa på sju dagar og som gjerne ikkje alltid er kledde for norske tilhøve. Eit år hadde me ein russar som gjekk på tur i badedrakt og me har også måtte avråde to gjester som ynskte å gå på kveldstur til Trolltunga då det var meldt dårleg vêr i februar. Etterpå fekk me kommentar frå dei om at «You have probably saved our lives!». I tillegg er det ikkje alle gjester som har fyrt i ein peisomn eller brukt ein oppvaskmaskin før. Då tek me ei kjapp opplæring, også går det veldig fint. Alt i alt har me gode erfaringar med hytteutleige gjennom alle desse åra. Folk er ærlege og redelege, og om noko skulle blitt øydelagd, gir dei alltid beskjed, seier Silgjerd. 


Hyttene er lyse og moderne innvendig, og i kombinasjon med god service og kort veg til mange reisemål, er hyttene blitt populære overnatingsstader i distriktet.

Pandemi inga hindring

Pandemien skulle vise seg å ikkje vere ein brems på turistsatsinga, snarare tvert i mot.

– I 2019 hadde me eit normalt år, og etter to år med pandemi, kan me konstatere ein omsetningsauke på nær 50 prosent gjennom pandemiåra. Før korona hadde me ein auke i turistar frå Russland og Asia, men sjølv om det vart få internasjonale turistar gjennom desse to åra, har me likevel klart oss godt. Me har vore heldige med arbeidsfolk i vekene, og i tillegg var det mange folk som ville byte stove under pandemien. Hyttene har også vert nytta som heimekontor. Det førte til fleire enkeltdøgn og kortare opphald, så slik sett vart det travlare år samanlikna med korleis det er til vanleg, seier Sandvik. 


I år kom dei første turistane i februar og i april merka dei at den nye ferjeruta mellom Groningen i Nederland og Kristiansand opna, då hyttene vart fylt opp av nederlandske gjester. Dei ser lyst på resten av sesongen.

– Dei neste månadane er 90 prosent booka, men me reknar med at me kjem opp i fullt belegg nå i sommarsesongen. På denne årstida kjem det ofte bestillingar på kort varsel. Me trur ikkje det kjem så mange nordmenn i år, sidan folk byrjar å reise til utlandet i større grad. No er det mest nordmenn som kjem i helgane grunna arrangement som Gymfest, Etne cup og Etnemarknaden, fortel Sandvik. 

Etne er sentralt

Vertskapet ser tydeleg at Etne vert brukt som eit sentralt utgangspunkt for mange attraktive turmål. 

– Innan ein kort køyretur har ein både Rosendal og Rosendalsfjella, Trolltunga, Preikestolen, Bergen og Stavanger. Dette gjer at turistane kan reise på dagsturar til mange ulike stader og overnatte i Etne. Me er opptekne av å tipse om det nærområdet kan tilby og viser gjester vidare til andre overnattingstilbyderar i bygda, om me har fullt. Det er kjekt med satsinga som skjer på turisme i Etne, både i Åkrafjorden og elles, seier Silgjerd. 

Å gi gjestene ein god velkomst og sørge for at dei har informasjonen dei treng, er viktig men dei ser at mange gjester også ikkje nødvendigvis har eit behov for å reise så langt når dei først er komne til gards. 

– Me har hatt gjester som berre har lyst til å nyte livet i solveggen på hytta i tre veker. Ein kan bli litt blind når ein bur på ein plass som Øvstebø og for mange som kjem her, er utsikta til fjell og fjord og stilla ei oppleving i seg sjølv. Me har også ein bratt og smal veg opp til garden, som kan vere eksotisk for mange å køyre. Enkelte har spurt om me kan køyre opp bilane deira, fortel Silgjerd smilande. 

Eit eige vasskraftverk er under oppføring.

Enklare å drive i dag

Paret overtok garden og hyttene frå foreldra til Tor Arne i 2010. Begge har jobbar utanom i Nordsjøen og skuleverket, og kombinerer det med drift av geitegarden og hytteutleige. Dei har tre hytter til utleige. Ei vart bygd i 1994 og dei to neste i 1996. To av hyttene er seksmannshytter, medan den siste er eigna for fire personar eller par. Gjennom åra har det kome nye behov hjå hyttegjestene. 

– I dag er nok internett-tilgang noko av det viktigaste for mange. Dette er også noko som har gjort drifta enklare, sidan alle førespurnadar i dag skjer over internett, gjennom bookingtenestene og heimesida vår. Det er enkelt og oversiktleg. Me har ingen planer om utviding av talet hytter, sidan kapasiteten me har no er passeleg, fortel Sandvik. 

Grøne løysingar

I området rundt hyttene er det fleire teikn på prosjekt som er i gong. Ved ei lita elv som renn forbi tunet, er dei godt i gong med å bygge eit eige vasskraftverk som skal forsyne garden og hyttene med fornybar straum. Dei ser stadig etter nye måtar å satse på berekraft. 

– Mellom to av hyttene held me på å lage ei blomstereng til glede for insekt men også gjestene våre. Me har også planar om ladar til elbilar. Me har naturen tett på her på Øvstebø. Det er ikkje sjeldan ein ser ørn, hjort og rådyr og i fjorden kan ein sjå nisene symje. Naturen er ein del av opplevinga me tilbyr gjestene våre, og då må me spele på lag med den, seier Sandvik. 


Norske blomsterengfrå er sådd i ein skråning mellom to av hyttene.




Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details