Ronnie Clemmensen sit på kontoret i det nyoppussa lokalet i Ljoshallbgget i Etne då han tek imot Medvind. Med flott utsikt mot Etne-fjella og roleg musikk på anlegget ligg rammene godt til rette for at kundar og kjøkkenekspertar som er innom, skal få ei harmonisk oppleving i lokalet på 70 kvadratmeter.
— Eg kallar det berre «resorten». I byen er det alltid hektisk og mykje action. Når du kjem hit, får du den fantastiske utsikta og ro i sjela.
I januar flytta HTH inn i dei nye lokala. Valet om å etablere seg i Etne var eit naturleg steg, då fleire av samarbeidspartnarane deira allereie heldt til her. På snaue to veker fekk dei bygd opp lokalet på Ljoshallbygget, og etter det var dei klare til å ta imot kundane.
— Me har prøvd å få inn eit breitt spekter frå sortimentet vårt, slik som me har i Haugesund. Der er det 750 kvadratmeter å boltra seg på, her er det ein tiandedel, seier Clemmensen med eit smil.
Kvifor Etne?
HTH sin etablering i Etne handlar ikkje berre om å utvide marknaden, men også om å møte eit reelt behov i distriktet.
— Av og til er det berre den eine parten i eit forhold som er interessert og har tid i en travel kvardag, for eksempel. Då er det lett for folk som jobbar her i nærleiken å stikke innom her, i staden for å reise heile vegen til byen, seier han.
HTH si avdeling i Haugesund er ein del av HTH-paraplyen.
— Me er eit privateigd selskap i Haugesund. I 2020 kjøpte eg aksjeselskapet av ein som skulle pensjonere seg. I ein forretningssamanheng er det ein unik moglegheit, for franchise-butikkar heng ikkje på tre, og det er vanskeleg å kome seg inn i.
Han trekk fram HTH sitt sterke merkevaregrunnlag og peikar på at dei neste året feirar 60-årsjubileum.
Lokal forankring og samarbeid
HTH si etablering i Etne har blitt tatt godt imot av fleire. Clemmensen peikar på at suksessen handlar om meir enn berre produkt – det handlar om relasjonar.
— Opninga i januar var heilt fantastisk. Då var ordføraren på plass, og lokalet var fullt. Det velta inn med folk, seier Clemmensen.
Han meiner at ein av nøklane til suksess i distriktet er det sterke samarbeidet mellom bedrifter.
— Det er ikkje berre business, det handlar om å skape relasjonar. For å lykkast må ein handle lokalt og støtte kvarandre for å byggje opp noko.
HTH ønskjer ikkje berre å vere ein butikk i Etne, men ein aktiv deltakar i lokalmiljøet.
— Me har engasjert oss med Etne Turn, og me sponsar allereie åtte-ti sportsklubbar i Haugesund. Me vil ikkje berre putte pengar i klubben, men vere med og skape noko. I staden for å berre henge opp ein banner på ein fotballbane, vil me heller bidra med premiar på cup eller aktivitetar som eksempelvis opne dagar. Me vil at idrettsklubbane skal skinne.
Fleksibel løysing
For å gjere det enklare for kundane å besøke studioet i Etne, har HTH lagt opp til ein fleksibel besøksmodell.
— På nettsida vår kan ein booke tid, og då er me her når det passar kunden. Fast forsøker me opningstid på torsdagar, men vi er fleksible. Så langt har vi betjent Etne studioet 1-3 dager i veko etter behov og vi er klare for meir straks behovet melder seg.
Sjølv om kvardagen er travel, understrekar Clemmensen at kundetilfredsheit er det viktigaste.
— Me er supertravle, men den dagen du mister gløden for kundane, då har du ikkje noko her å gjere i denne businessen.
Med base både i Haugesund og no også Etne, ser han fram til å utvikle avdelinga vidare og styrke samarbeidet med andre lokale aktørar.