– Staseleg singel fortener eit staseleg namn

Det var heilt tilfeldig at Magnar Fjeldheim i 2018 gjekk frå å vera grisebonde, til grisebonde og entreprenør. Hans nye nisje: Herregardssingel.

– I 2017 hadde Vindafjord kommune planar om å laga sykkelsti frå Isvik til Trovågfeltet. Eg hadde allereie planar om å sprenga vekk mykje stein for å utvide dyrkingsområde då dette var snakk om. Det eg sprengde brukte eg litt til eige bruk og gav litt til den nye sykkelstien, fortel Fjeldheim.

I 2018 starta Magnar Fjeldheim med eit par leveransar til venner og kjende med singel frå eige fjell, no har han kundar over heile distriktet.

Det var ikkje før han gav eit gratis lass med sand til Skjold barnehage at ballen for alvor starta å rulla. 

– Ein tilsett i Skjold barnehage skrøytte så veldig over fargen på sandkasse-sanden eg hadde levert. Dette hadde aldri heilt slått meg, at det var ein så unik farge, men det stemte at fjellet eg sprengte i hadde ein mykje meir gylden tone enn steinen ein typisk ser, fortel Fjeldheim og småler.

Den tilsette i barnehagen blei så fascinert av fargen på sandkasse-sanden at ho ynskte eit lass med singel til tunet sitt. Dette fekk ho. 

– Frå der av starta det. I starten var det mest spesielt interesserte, men no leverer eg til private og næring både her og der. Sist veke var eg i Skien og leverte den gylne singelen til eit tun der, fortel Fjeldheim.

Herregardssingel 

Singelen Fjeldheim får frå fjellet han sprenger i, har han kalla Herregardssingel. Dette med god grunn. 

Steinbrotet på Fjeldheim gard. (Foto: Helga Klungland)

– På mange filmar og seriar frå til dømes britiske kongehus, ser eg singel med denne gylne fargen. Det er tydeleg at det er ein meir staseleg singel og då fortente den eit staseleg namn, eit namn eg no har sikra meg domenet for, fortel han. 

Fjeldheim refererer blant anna til Netflix-serien Bridgerton som handlar om adelen og dei kongelege i England tidleg på 1800-talet. 

Etterspurnaden har vore god for Herregardssingelen, og Fjeldheim har allereie mange kundar i distriktet, i tillegg til leveringar nord til Bergen og sør til Stavanger. 

– Eg har brukt mest Facebook og Google til å marknadsføra. Det er via der eg har blitt kontakta av blant anna Åsane sand og singel, forklarar Fjeldheim.

Til tross for god handel på Vestlandet, fortel han at det er betydeleg mykje billigare med transport til Austlandet. Dette fordi det går mykje meir tomme lastebilar frå Haugalandet over fjellet enn det gjer frå Haugalandet opp til Bergen og ned til Stavanger.  

Godt samarbeid 

Fjeldheim forklarer at han no har mange avtalar med bedrifter rundt om. Den siste avtalen han fekk var med Norstone i Stavanger, Haugesund og Skien.

Eit tun fylt med Herregardssingel. (Foto: Magnar Fjeldheim)


– Det er kjekt å få samarbeid og avtalar med næringslivet. Eg har reist mykje rundt og sitt kor mange stader som hadde fått eit flott ansiktsløft av å byta ut svart singel med beige, så dette er ein god utvikling for det, fortel han. 

Vindafjord kommune har også vore positive til nisjen til Fjeldheim.

– Kommunen inviterte meg til å vera med å laga reguleringsplan i femårsplanen deira. Det er veldig kjekt å vite at eg har kommunen i ryggen, seier han.

Han legg til at dette gjerne har med at garden og sprenginga ligg nokså isolert frå folk. Sprengingsområdet er plassert fleire hundre meter frå næraste hus og midt på toppen av fjellet bak garden.

– Eg ligg heilt for meg sjølv, så det er ingen som blir plaga når eg sprengjer.

Utviding

Fjeldheim ser at å driva gard i tillegg til singel- og steinbedrifta blir travlare og travlare. 

– Eg håpar jo på at det kan bli eit levebrød ut av dette. Om bedrifta fortset å vekse i dette tempoet, vil ho gjerne bli ein arbeidsplass for fleire. Det i tillegg til at ho vil gi meir arbeid til andre bedrifter i transportbransjen, til dømes. 

– Til no har eg brukt feriar på å reise å sjå på singel og stein rundt om i landet. . Hovudarbeidet med singelen og steinen har eg måtta tatt litt om ettermiddagane og når det passar.

Han ser behov for om ikkje alt for lenge å få fleire med på laget, både til produksjon og administrativt.

Til tross for god vekst og ei lys framtid for singel- og steinbedrifta, ynskjer han ikkje å slutta heilt med grisar. 

– Ja, nei grisane kjem nok aldri heilt til å forsvinna, seier han med eit lurt smil om munnen.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details