Her får du oversikt over regionale tilskotsordningar
23.august inviterer Rogaland fylkeskommune til digitalt informasjonsmøte om ulike regionale tilskotsordningar, som blant anna VRI, Regionalt forskningsfond og Ulla-Førrefondet.
Fagkoordinator Heidi Skifjell meiner både små og store bedrifter vil ha nytte av informasjonsmøtet der Rogaland fylkeskommune presenterer nokre regionale tilskotsordningar som VRI, Regionalt forskningsfond Rogaland (RFF) og Ulla-Førrefondet.
Meld deg på webinaret her
Lågterskel på forsking
– VRI er ein tilskotsordning der bedrifter kan søkje om tilskot til ein tidleg fase i forskingsprosjekt. Ordninga har låg terskel og er noko me oppfordrar fleire bedrifter til undersøke om kan passe dei. Det er ein god måte for bedriftene til å finne ut kva forskingspotensial dei har, meiner Skifjell.
Målet med VRI-ordninga er at fleire bedrifter skal bruke forsking i sitt innovasjonsarbeid og mobilisere næringslivet til å nytte andre verkemiddel for forsking. VRI Rogaland tar imot søknadar løpande til potten er tom.
– Bruk næringshagen
Ei av dei andre støtteordningane som fylkeskommunen kan tilby er Regionalt forskningsfond som skal vere med på å legge til rette for meir kunnskapsbasert innovasjon i næringslivet, samt i offentleg sektor, og bidra til å bygge opp relevant kunnskap i forskingsmiljø. I tillegg blir det på møtet informasjon om Ulla-Førrefondet, Skape og EU-finansiering samt Horisont Rogaland.
– Det er bra at bedriftene set av tid til å bli kjent med desse ordningane, i tillegg vil eg oppfordre dei til å bruke Medvind24 Næringshage, næringshagen fungerer som ei dør inn til heile verkemiddelapparatet og har god oversikt, seier Skifjell.