Forevigar ølensbuar i nytt fotostudio

Gjengen i Vamos media, beståande av elevar på medieproduksjon ved Lundeneset vidaregåande skule, står klare til å møta kundar på Ebne's i helga. Frå venstre bak: Lærar Kees Fjellvang, Jonas Grønås, Johannes Grønås, Jesper Odden, Jørgen Rasmussen, Elias Heggernes, Michael Sørensen, Samuel Vega, Julie Widvey Frå venstre midten: Lina Sjøen, Kjersti Delin, Jonas Sandsgård, Phillip Kålås. Framme: Viljar Solheim, Andreas Skjærpe. Foto: Kristian Risanger

Dersom du vil bli portrettert, har du dårleg tid. Fotostudioet på Ebne’s Hagesenter Ølen står nemleg berre denne helga. Då fotograferer elevar ved Lundeneset ølensbuar, som får bileta digitalt, klare til å pryda vegg eller julekort. Slik får elevane utvikla fotokompetansen, ein viktig del av medieproduksjonslinja. Dei sel sjølvsagt også vaflar. 

– Me vil at dei skal ha så mykje praktisk erfaring som mogleg når dei går ut, seier medielærar ved Lundeneset vidaregåande skule, Kees Fjellvang. 

– Viktig med praktisk erfaring


Utanom vaflane, skal pop-up-prosjektet også nå andre læringsmål. Andreårselevane får viktig kundeerfaring når dei skal tilby tenester og service til ekte kundar. Det er viktig om dei sjølv ein gong skal driva eiga bedrift. 

– Me vil at dei skal ha så mykje praktisk erfaring som mogleg når dei går ut. Og fotostudio er noko folk har behov for – folk vil ha kjekke bilete til julekort og på veggen.

Det seier medielærar ved Lundeneset og hjernen bak prosjektet, Kees Fjellvang. 

Mest mogleg erfaring

Fjellvang fekk inspirasjon frå sal og service-linja ved same skule, som laga bruktbutikk i Ølen sentrum i fjor. 

– Fotostudio er lurt fordi kunden kjem til oss, slik at me får mest mogleg erfaring. Me gjorde noko liknande i fjor, og valte Ebne’s i år fordi det er ein kjekk og inspirerande plass med kort veg til rekvisittar og gode bakgrunnar, seier Fjellvang. 

Mange prosjekt for elevane

Dette arbeidet er del av internatskulen Lundeneset sitt behov for å kopla seg på lokalsamfunna rundt. Medieelevane skal designa logo og etikett til ein honningprodusent i Skånevik. Under Mitt fargerike nabolags kulturdag i Ølen, skal elevane laga fotoutstilling med temaet mangfald. Og i desember arrangerer dei filmfestival på Etne kino. 

Ut av bobla

– Eg synest det er viktig å koma seg ut av bobla på Lundeneset. Det blir eit lite samfunn der dei ikkje alltid tenkjer på at det er ei bygd rundt. Det er viktig å visa kva Ølen har å by på, seier Fjellvang. 

– Kva håpar du dei sit igjen med? 

– Eg håpar dei sit igjen av opplevinga av å ha gjort noko viktig for andre folk, at produktet betyr noko for andre. Eg håpar dei får ny erfaring med å driva bedrift, og alt som krevst for å gjera godt arbeid. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details