Endeleg betre plass


–  Me har jobba med dette i sikkert 30 år, men det er først nå me har fått på plass eit eige hus til å ha arbeidet i. Det blir bra, seier dagleg leiar Knut Inge Haraldseid. 

Familiebedrifta Rørlegger Haraldseid tilbyr både installasjon og service på varmeanlegg, vannbåren varme, sprinklaranlegg og varmepumper. I tillegg utfører dei røyrleggartenester til nybygg, industri, næringsmiddelindustrien, oppdrettsnæringa og til oppussing i private hus og hytter. Bedrifta held til i Skjold, og har nyleg fått på plass eit nybygg som gjer arbeidskvardagen lettare. 

–  Produksjonen av røyr til både oppdrettsnæringa, entreprenørar og landbruk har auka betrakteleg dei siste åra. No har me fått ein hall med god plass til dette arbeidet, og ikkje minst med krane i taket, fortel Haraldseid og viser fram dei nye lokala som er på 350 kvadratmeter. 

Krevjande rekruttering

Dette året set bedrifta rekord i ordrereservar, og det ser ut til å halde fram også i 2023. Rørlegger Haraldseid har ti tilsette, av desse er det ein vaksenlærling og ein lærling som går eit tradisjonelt løp. Etter mange år med lærlingar, ser Haraldseid at dette er ein god måte å rekruttere kompetent fagfolk til bedrifta. 

–  Eller det er kanskje den einaste måten, på dette viset får me inn flinke folk som blir kjende med oss og yrket, og me får vere med å forme dei. 

–  Me må auke statusen til yrkesfag-linjene, og kanskje ein ikkje treng så mykje teori dei åra? Me ser at mange kjem ut av yrkesfag med karakterar i teoretiske fag som ikkje er så gode, men likevel er dei fantastiske fagfolk. 

–  Dei siste åra har me og hatt ein del såkalla vaksenlærlingar, som er folk som vil omskulere seg og bli røyrleggar. Det er aldri for seint, og det viser at ein kan få til noko viss ein vågar å tenkje nytt, meiner dagleg leiar Haraldseid, som sjølv er røyrleggarmeister og VVS-teknikkar. 

Store jobbar 

Bedrifta sitt nedslagsfelt dekkar blant anna kommunane Etne, Vindafjord, Sveio, Tysvær, Bokn og Haugesund. Knut Inge Haraldseid dreg fram utbygginga av Bremnes Seashore AS sitt oppdrettsanlegg på Trovåg som ein av dei store jobbane bedrifta har no framover. 

–  Både oppdrettsnæringa og næringsmiddelindustrien, som slakteria Fatland og Nortura, er gode kundar av oss. I tillegg er me i gang med bygging av sju nye omsorgsbustadar for kommunen på Solbakken. Her er me underleverandør til Kalstveit & Vik som har jobben. Det er og ein stor og viktig jobb for oss no, slår Haraldseid fast. 

I 2020 omsette bedrifta for om lag 29,5 millionar kroner. Koronaperioden merka dei overraskande lite til.

–  Det me merka det best på var tida då dei tilsette måtte vere heime med barna, og dei periodane det var utfordrande å kome inn i heimane til folk. Elles gjekk det faktisk bra. 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details