Elektrikarbedrift med lidenskap for dronar

Elektrikarbedrifta Funtek i Skånevik er ei bedrift med fleire jern i elden. No utgjer droneoppdrag heile 25 prosent av omsetnaden deira.

Funtek

–  Det starta for alvor då me for tre år sidan vann eit stort anbod hjå Haugaland Kraft. Me har i dag ansvaret for å halde oversikt over kraftlinjene deira. Me driv i hovudsak med planlagde inspeksjonar og feilsøking ved straumutfall etter til dømes uvêr eller snøfall. Me ser og på moglegheitene for å starte med laserskanning og kartlegging av vegetasjonen langs traseeane, med meir. Dette er noko me ynskjer å bygge vidare på, og me deltek no i fleire anbodsrundar hjå andre kraftselskap også, seier styreleiar og tilsett, Sølve Funderud.

Det som starta som ein hobby, er blitt ei eiga nisje i bedrifta til Sølve og Torstein Funderud. I starten hadde dei samarbeid med SØK om testing av dronar og utvikling av program og metode for linjebefaring.

–  Det er viktig for oss at kunden kan hente ut informasjon så enkelt og kjapt som mogleg når me har utført ein inspeksjon. Dei får alle funn i ein ferdig rapport frå oss, og me leverer i det formatet dei ynskjer, slik at dei kan legge det direkte inn i eigne vedlikehaldsprogram og ta informasjonen i bruk med ein gong, fortel Torstein, som er dagleg leiar.

Skånsamt og trygt

Det er ikkje berre inspeksjon av kraftlinjer dronane vert nytta til. 

–  Me har til dømes også blitt hyrt inn til å finne sau i fjellet eller kartlegge viper som ruger, i forkant av arbeid på bøar for bøndene. Då kan bøndene ta omsyn til kor vipene ligg, og ein får eit betre naturvern samstundes som ein drifter jorda. Moglegheitene er store med dronar, då ein ofte kan utføre operasjonar som er meir skånsame for natur og dyreliv. Dei har eit særs lågt støynivå samanlikna med helikopter og er langt rimelegare å hyre inn. I tillegg kan dei bidra til større tryggleik i situasjonar der ein driv søk etter dyr eller menneske, eller skal inspisere kranar og bygg. Dronar kjem seg til mange stader kor det kan vere utrygt for folk å ferdast. 

Dei ser også at dronane kan erstatte tunge landbruksmaskinar i større grad.

–  Eit selskap me har samarbeidd med i Nord-Noreg bruker dronane mykje til gjødsling og såing i landbruket. Då får ein mindre slitasje på jorda samanlikna med dersom ein bruker tunge landbruksmaskinar. Arbeidet kan også bli utført meir nøyaktig. 

Tryggleik og kunnskap er viktig

Etter kvart som bruken av dronar har auka i Noreg, har også krava til dei som styrer blitt heva. Funtek har i dag fleire tilsette som er sertifiserte dronepilotar innan oppdraga dei tilbyr. 

–  I starten tok me eit enkelt sertifikat hjå Biltilsynet. Då var det få føringar, men etter kvart kom det nye EU-reglar som kravde ny sertifisering utforma av Luftfartstilsynet. Det er ulike kategoriar ein kan sertifiserast innan, ut ifrå kva type operasjonar og dronar ein skal ta i bruk. I dag er me fire hjå oss som har godkjenning gjennom Luftfartstilsynet. Me har også oppfylt formelle krav, som å utarbeide ein eigen operasjonsmanual som så er blitt godkjent av dei. Den skildrar korleis me utfører oppdraga våre, kva me gjer dersom me skulle ha ei uønskt hending med meir. Det er denne manualen me jobbar etter på kvart oppdrag, seier Sølve.

Dei siste åra har Funtek fulgt utviklinga av dronar på nært hald. 

Fjerde generasjons dronar

Det har vore ei enorm utvikling på dronefronten dei siste fem åra. I starten bygde Funderud-brørne ei drone sjølve, men fann etter kvart ut at det var meir økonomisk og driftssikkert å kjøpe ferdige frå ein leverandør. 

– Om me manglar ein reservedel får me raskt tak i ny. Me er no på fjerde generasjons drone, og kvaliteten blir berre betre og betre. Dei to nyaste dronane har me hatt om lag tusen fyketimar på utan at det kan merkast noko slitasje, fortel Torstein.

Framtid under vatn

Funtek trivst godt med droneoppdraga og håpar på fleire oppdrag innan energibransjen framover. I tillegg ser dei ikkje bort ifrå at dei også kan bevege seg under vatn. 

–  Eg er opprinneleg utdanna ROV-pilot (undervasspilot), så å også ta på oss oppdrag med undervassdrone er noko me kikar litt på. Då vil til dømes sjekk av kaianlegg vere potensielle oppdrag, seier Sølve.

Treng rekruttering

Funtek vart starta av brørne i 2015 og har i dag seks tilsette. Majoriteten av arbeidsoppgåvene er framleis elektrikararbeid på hus, næringsbygg og hytter. Dei er tydelege på kva som er den største utfordringa akkurat no. 

–  Me treng fleire tilsette, og er like interesserte i å få lærlingar. Folk er hjarteleg inviterte til å sende opne søknadar til oss. Me kan tilby spanande oppgåver og eit godt arbeidsmiljø, avsluttar Sølve smilande. 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details