– Det er kjekt at folk vil på tur igjen

Koronapandemien sette mange av buss-turane til Knapphus Buss på vent. No er derimot pågangen stor og folk klare til å bestille reiser igjen.

Turkonsulent Per Martin Kjellesvik har travle dagar. Etter at koronapandemien slapp taket har bussane hjå Knapphus Buss endeleg byrja å rulle igjen. No er folk lystne på å reise igjen, og telefonen til Per Martin står knapt stille. På veg inn i det nyoppussa møterommet ringer den på nytt, denne gongen er det ein sjåfør som slit med å få rette barnesete til å passe i bussen. 

– Det er noko heile tida no, men det er veldig kjekt at me er i gang igjen, seier Per Martin.

Det vesle buss-selskapet på Knapphus tilbyr det aller meste av pakkereiser som kundane ynskjer seg. Enten kan ein få ein ferdigtur som er tilpassa skuleturen, vennegjengen som skal på tur, 50-årsdagen eller jobbturen. I tillegg lagar også Knapphus Buss ferdige turar som ein kan melde seg på. 

– For oss er det viktig å ikkje berre levere transport, men også gode opplevingar. Folk skal sitje igjen med meir enn sjølve turen. 

Vil skape opplevingar

Sjølv starta Per Martin i jobben som turkonsulent rett før koronaen braut ut. Han var eigentleg blitt pensjonist og hadde byrja på litt rolegare dagar då Johannes Sjurseike frå Knapphus Buss ringte og lurte på om han kunne tenkje seg å starte med turplanlegging. Per Martin var ikkje sein å be.

– Det var berre å kaste seg uti det, det er jo ein kjekk jobb å lage til desse opplevingane og sjå at folk kosar seg, seier han og smiler. 

Nyleg er han komen tilbake frå vandring i bedehusland på Finnøy og tur til Stend VGS i Fana der rektor var guide før bussgjestene kunne handle i gardsbutikken som skulen driv, for å nemne noko. 

– Og ein treng ikkje alltid reise så langt for å få gode opplevingar. Me laga nyleg til ein fin tur til Etne for ei gruppe. Her fekk me kulturelle innslag på Sæbøtunet før me for vidare til Drivhuset og middag på Eljarvik Gard. Det er alltid kjekt når me får lokale til å fortelje langs vegen eller der me stoppar, folk er glade i gode historier og å få vite meir om plassane dei reiser til. 

Sjølv køyrer han ikkje buss, men sit på som guide når det passar. Han er glad i folk og trur på at opplevingane dei skaper er verdifulle, kanskje spesielt for dei gjestene som ikkje har så stort nettverk frå før. 

– Det er mange som set pris på desse turane, det er sosialt og ein blir kjende med nye menneske. 

Satsar på dagsturar

Knapphus Buss har to bussar sjølv, i tillegg leiger dei inn bussar ved behov.

Per Martin viser veg gjennom dei nye og lyse lokala til Knapphus-konsernet i andre etasje, i etasjen under er Knapphus Bil, vegg i vegg med matbutikk og bensinstasjon. Korte avstandar og god dialog mellom dei ulike selskapa som har kontor her skaper synergi for fleire.

– Det er mange flotte bedrifter under Knapphus-paraplyen, og me hjelper jo kvarandre, meiner Per Martin som har planane klare for korleis ein kan styrke reiselivsbedrifta. 

– Alle turar er kjekke å lage til, men eg har tru på at me kan bli endå betre på desse populære dagsturane. Folk vil ikkje sitje for lenge på bussen før det skjer noko, så det er gull med gode guidar, matservering og attraksjonar me kan stoppe ved. Og så er det ofte lurt med ei overrasking, noko i programmet som ikkje er fortalt om på forhand. 

Bruke lokale aktørar 

I tillegg til kortare turar køyrer også Knapphus Buss lange turar som til Skøyte-VM og andre store arrangement, i tillegg til at dei har ein del arbeidskøyring for bedrifter. 

– Utan den arbeidskøyringa hadde me slite veldig i koronatida, det var eit fast jobb-grunnlag i botn og gjorde til at me klarte oss. 

Selskapet har to bussar sjølv, i tillegg til at dei leiger inn bussar ved behov. I tillegg til Per Martin er dagleg leiar Jørgen Dalaker og Johannes Sjurseike med i bedrifta. Per Martin er og oppteken av at dei skal bruke det lokale tilbodet på matservering, aktivitetar og overnatting. 

– Me må ha råd til å betale folk lokalt her skikkeleg, me må spele kvarandre gode, meiner han. 

– Har du ein drøymetur du har lyst til å planlegge? 

– Dette måtte blitt ein tur til Hardanger, og truleg innom Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Der får ein påfyll av meir enn mat, og eg har jo alltid diktaren Ingvar Moe med meg i baklomma. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details