Hopp til innhald

Bent Ove Ebne utvidar til Austlandet 

Saman med samarbeidspartnar Kristoffer Kjellevold, har eigar av Hageland Ølen, Bent Ove Ebne, overteke Sandefjord Hageland. Trass ei utforutsigbar tid skal dei no oppgradera med fleire hus og innlagt varme.

Eigar av Hageland Ølen, Bent Ove Ebne, er klar for nye utfordringar på Austlandet. Foto: Kristian Risanger.

Hageland Sandefjord hadde behov for nye eigarar grunna generasjonsskifte, og 1. november tok Ebne Hageland og Kjellevold over. I 2019 kjøpte og Ebne Hageland på Voss. Ebne fortel at det blir spanande med nyopning i Sandefjord til påske. Dei førre eigarane hadde ope berre om sommaren, men Ebne og Kjellvold ynskjer å halde ope heile året.

– Overtakinga av Hageland Voss har gått bra og dei brukar same mal som i Sandefjord, så det blir spanande med drift der også. Det er også ganske lik storleik på hagesenteret Sandefjord som i Ølen, fortel Ebne 

I Sandefjord er Tom Hvål, også kjend som «Gartner Tom» frå hageprogrammet Grønn Glede, dagleg leiar. Ebne snakkar varmt om Hvål og understrekar kor viktig det er med gode daglege leiarar. Sjølv har Ebne ei dotter på 24 år som er gartnar og studerer hagedesign som på sikt kjem til å overta drifta. 

Utvidar trass korona

– Me har ikkje hatt dei store forskjellane i omsetnad grunna korona, men det har vore større utfordringar med omsyn til transportkostnadar og varelevering. Me har leveransar frå land langt vekke og fraktkostnadane har gjerne blitt ti gonger så dyre. Koronaen påverkar alle ledd i distribusjonen og med permitteringar og oppseiingar blir det forseinkingar, fortel Ebne.


Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips
T E S T