Åkrafjorden Oppleving med ny turistbåt

Åkrafjorden er blitt ein av dei mest attraktive reisemåla på Vestlandet dei siste åra. No har lokale investorar og bedrifter kjøpt «Kaan 6» frå Tyrkia og gitt båten det nye og lokale namnet «Langfoss». 

– Med «Langfoss» kan me ta i mot fleire turistar og gje dei ei enno betre opplevinga av Åkrafjorden enn tidlegare. Denne er perfekt for både lokalturisme og cruiseturistar, fortel dagleg leiar i Åkrafjorden Oppleving AS, John Karsten Hustveit i ei pressemelding.

Båten er sertifisert for 99 passasjerar og har ein cruisefart på 6 knop. Båten er eigd av Green Fjord Cruises AS og skal i drift som turistbåt frå 1.juni i sommar. Når båten er komen i kommersiell drift i  startar også arbeidet med å planlegge ombygging til elektrisk drift i 2023 eller 2024-sesongen.  

Skal bli elektrisk 

– Me vil at båten på sikt skal kunne gå med eit hybrid framdriftssystem, der den kan gå heilelektrisk på minicruisa i fjorden. Dette krev større investeringar, ny infrastruktur på land, -  og god planlegging. Men me er allereie i dialog med samarbeidspartnarar og har klare målsetnadar for nullutslepp i løpet av få år, fortel Arne Mæland i Future Marine Solutions. 

 Han har vore sentral støttespelar for Hustveit og eigarane i Green Fjord Cruises i samband med kjøp, frakt og overtaking.  

– Me vil at båten på sikt skal kunne gå med eit hybrid framdriftssystem, der den kan gå heilelektrisk på minicruisa i fjorden. Dette krev større investeringar, ny infrastruktur på land, -  og god planlegging. Men me er allereie i dialog med samarbeidspartnarar og har klare målsetnadar for nullutslepp i løpet av få år, fortel Mæland i pressemeldinga.

Unike opplevingar 

Båten vart bygd i 2019 og skulle opprinneleg trafikkere Bosporosstredet i Istanbul. Men pandemien sette ein stoppar for turisttrafikken. Det betyr at me har fått tak i ein båt som i praksis er nesten heilt ny, med berre 54 timars driftstid på motorane. Den kjem til Noreg no i byrjinga av mai. Då skal den rett til Bømlo Skipsservice for lettare ombygging og klassing, seier Arne Mæland.

>– Me har hatt veldig gode medspelarar i regionen for å få dette til. Arne har vore heilt sentral og uvurderleg i dette arbeidet. Rune Riktor i skipsmeklarselskapet Skippern Yachts har og vore viktig. Me har tett og god dialog med Sjøfartsdirektoratet, - og me har fått svært nyttig input og hjelp undervegs av Atheno AS gjennom vår inkubatoravtale med dei. Eg er audmjuk i forhold til at me har så mykje tilgjengeleg kompetanse i regionen, - og at me har møtt så mykje velvilje i miljøa rundt oss i denne prosessen, held Hustveit fram.

– Eg vil påstå at passasjerane får oppleve noko av det vakraste Noreg har å by på her hos oss. Fjorden står ikkje attende for meir profilerte fjordar som Geiranger og Nærøyfjorden, - og no har me også ein båt som matchar dei andre destinasjonane. Eg håpar at me i tillegg til internasjonale turistar også får besøk av mange frå Haugalandet og Sunnhordland i sommar. Å sjå fossefalla og fjorden frå sjøsida er ei heilt spesiell oppleving, seier Hustveit.

Berre for få veker sidan kunne Åkrafjorden Oppleving AS vise fram sin nye eksklusive elektriske buss «Discovery Route» for fyrste gong. Ikkje mange andre reisemål kan vise til liknande tilbod.  

– Eg synest me har svært mykje spennande på gang no. Me er i ferd med å samle dei ulike aktørane her i eit velfungerande nettverk, - der me saman utviklar vårt felles reisemål. Og me omstiller oss med satsing på grøne berekraftige løysingar. Målsetnaden er å tredoble talet på tilsette knytt til reiseliv i Åkrafjorden innan 2030, avsluttar reiselivsutviklar Hustveit. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details