35 år med hydraulikk

Jan Hegerland var berre 17 år då han starta opp sitt eige firma. Etter eit år i arbeid hjå Granberg Garveri hadde han spart nok til å kjøpe si første slangepresse og eit lite lager med slangar. Dermed var den pågangsrike gründeren i gang. 

– Det var vel i gunn far min som tipsa den gongen om at han såg det var eit behov for å drive med hydrauliske slangar her inne. Han hadde erfaring frå å drive maskinstasjon på Hydro Karmøy og visste kva han snakka om. 

– Me valde å berre satse, eg har ingen skule eller papir. Mein ein kjem langt med interesse og arbeidslyst. Det er utruleg kva ein kan bli god i berre ein interesserer seg, seier Jan og kastar eit skråblikk på dei krava ein har fått til formell utdanning no. 

– Ein må ikkje gløyme at mange kan vere flinke i faget sitt utan å ha eksamen, meiner han. 

– Me har eit veldig godt og aktivt næringsliv i kommunen og regionen, så kundegruppa vår er stabil og god. Det kjem også kundar frå Sauda, Haugesund og Odda. Den største kundegruppa vår er bønder, då målt i talet kundar og ikkje omsetning. Dei har eit stort behov for slangar til blant anna hydraulikk, gjødsling og vatn. 

Eit stort varelager er ein av nøklane til suksess i hydraulikk-bransjen. Dei har om lag 1000 kvadrat totalt, og nett no har dei inne 60 pallar med slangar som skal trykktestast. 

Jans Hydraulikk har sju tilsette, no er dei og i gang med rekruttering. (Foto: Kristian Risanger)

– Me må kunne finne fram det kunden treng ganske kjapt, du køyrer ikkje mange turar frå Sauda til Ølensvåg viss det viser seg at me ikkje har slangen du treng på lager. Me har mange varer liggande i årevis før nokon plutseleg treng den, seier Jan og fortel at arbeidsdagane er vanskelege å planlegge. 

– Me anar jo aldri kva som kjem av arbeidsoppgåver, men det pleier som regel bli hektiske dagar.

I 1985 starta Jan og kona Grete Hegerland opp det som i dag er blitt ein attraktiv arbeidsplass med sju tilsette. I 2020 omsette bedrifta i Ølensvåg for godt over 20,4 millionar, trass i koronapandemien. Året i år ser ut til å bli endå betre.

– Me har ikkje merka så mykje til pandemien, heldigvis slapp me unna permitteringar. Det einaste er at me merkar no at det tar lenger tid å få inn varer. Me er heldige som sel noko ein må ha, verken industrien, maskinentreprenørar eller landbruket stoppar opp, og det er dei største kundane våre.

Jans Hydraulikk leverer slangar og koplingar for alle behov, og tilbyr i tillegg service og reparasjon av hydraulisk og pneumatisk utstyr på blant anna køyretøy, maskiner og installasjonar. No vil dei rekruttere servicebilmedarbeidar.

Medan han er ute i feltet hjå kundar tar kona Grete seg av administrative oppgåver og det som rører seg på kontoret. Jan meiner dei er eit godt team. 

– Det er vel ikkje så mange koner som hadde latt mannen jobbe så mykje som eg har gjort. Me fekk det første av tre barn i 1987, det var ingen som snakka om farskapspermisjon på den tida. Det er klart det har blitt mykje på henne opp gjennom åra. 

Han fortel vidare om oppstarten på 1980-talet og dei utfordringane det førte med seg. I 1988 fekk han ansvaret for hydraulikk-arbeidet på Dommersnes og den såkalla Peconor-basen der dei produserte ein ring-mur til  Ekofisk anlegget i Nordsjøen. 

– Det var ein kjempestor jobb for oss, og eg fekk med meg tre tilsette som hoppa inn på kort varsel. Me jobba lange dagar, og hadde verken helg eller ferie i den perioden. Likevel så tente me lite pengar. Når lønna var betalt var det lite igjen. Det året måtte eg, trur det eller ei, ta opp lån for å betale skatten. 

– Men det sette oss på kartet, me knytta nettverk og blei kjent. I tillegg så fekk me på plass eit betre varelager, så det var jo ei investering. Eg var jo berre 20 år, men dei må jo ha hatt tru på oss sidan dei gav oss jobben, fortel Jan. 

Det trengs stort varelager når ein driv med hydraulikk. (Foto: Kristian Risanger) 

Ekofisk -eventyret stoppa etter det oppdraget, og Jan måtte ta eit val. Skulle han satse vidare eller ikkje? 

– Me måtte ta ein runde då og sjå på om det var vits i å satse vidare, men heldigvis så gjorde eg det. Eg tok ein runde rundt til bedrifter i nærleiken og promoterte oss, det gav resultat. 

Eigentleg hadde bedrifta planar om å bygge ny miljøstasjon og eit større lager, men potensiell flytting av E134 stoppa dei planane. Jan er mest opptatt av å bygge opp kundekretsen og at dei kan tilby ein så god service som mogleg. 

– Eg pleier å seie at viss kunden takkar for hjelpa sjølv om me ikkje har klart å hjelpe dei så har me gjort ein god jobb. Då veit kunden at me har gjort det me kunne for å finne det dei treng, og det er det viktigaste. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details