10 nye år i Medvind

Medvind Næringshage er tatt opp i ny periode av det nasjonale næringshageprogrammet. Næringshagen i Vindafjord og Etne får dermed auka støtte til arbeidet sitt dei neste ti åra.

Frå venstre: styreleiar Terje Aarekol, forretningsutviklar Morten Helland og dagleg leiar Kari Aakra. (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland)

- Medvind har 50 medlemsbedrifter, fire avdelingar og høg aktivitet. Me er veldig glad for at me kan vidareføra arbeidet vårt med ytterleg styrka støtte, seier dagleg leiar Kari Aakra.

Sidan 2012 har Medvind Næringshage vore del av det nasjonale næringshageprogrammet, der næringshagen mottar offentleg støtte som skal nyttast til utvikling av små og mellomstore bedrifter i distriktet. Programmet skal nå rullerast og Medvind er ein av 38 næringshagar som er tatt opp i det nye programmet som skal vera gjeldande frå 2023 – 2032.

Næringshageprogrammet er finansiert med årlege løyvingar frå  kommunal- og distriktsdepartementet, og i det nye programmet vil Medvind Næringshage motta 2,4 millionar årleg.  Desse midlane skal komma  små og mellomstore bedrifter i Etne og Vindafjord til gode, gjennom mellom anna kurs- og kompetansetilbod, nettverksbygging og andre utviklingstiltak.

- Medvind har hatt ei veldig fin utvikling, og er blitt ein sentral og mykje brukt aktør for våre medlemsbedrifter.  På eigarsida har me mange av dei største lokale bedriftene i ryggen, og saman med dei mange og varierte medlemsbedriftene våre, har me eit breitt nettverk med kompetanse innan dei aller fleste område. Samarbeid og kopling på tvers av eit breitt spenn bedrifter i vårt nettverk, er ein av suksessfaktorane til Medvind. Nå ser me fram til å  rigga oss for endå høgare aktivitet og fleire tiltak for å bidra til utvikling i lokalt næringsliv,  seier Aakra.

Medvind Næringshage tilbyr små bedrifter tenester som bedriftsrådgjeving, nettverksbygging og andre utviklingsrelaterte oppgåver til ein subsidiert kostnad. Dette er tenester ein tilbyr som del av næringshageprogrammet.  Utover dette tilbyr Medvind også tenester til utviklingsprosjekt/selskap som til dømes tomteselskapa og Ølen Næringspark.

Medvind Næringshage har også prosjektleiaransvaret for Vindafjord Arbeidsgiverforum og Medvind24.no.

Næringshagen har også eit tett samarbeid med både Etne og Vindafjord kommune, der Medvind har  bidrar med starthjelp til gründarar i oppstartsfasen på oppdrag frå kommunane.

Eigarselskapa bak næringshagen er Omega 365, Ølen Betong, Westcon, Berge Sag, Hatteland, Knapphus Energi, Fatland, Tveit Regnskap, Helgevold, Etne kommune og Vindafjord kommune.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details